Aktuelt

 Medlemsmøte

 Aktivitetskalender

 Utflukter

 Konkurransar

 Bildegalleri

 Utstyr

 Lenker

 Vêrvarsel

 

 

  Grasrotandelen
Grasrotandelen

 
Skaff deg passord

Besøk nr
3170
på denne sida

Opplysninger om oss

Vedtekter for Skodje Fotoklubb.       Utskriftsvennlig versjon

§ 1 Namn

Namnet på klubben er Skodje Fotoklubb.

§ 2 Målet til klubben

Å gi medlemmene auka kunnskap om fotografi. Å auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet. Å skape eit bredt fotomiljø.

§ 3 Medlemskap

Alle som har betalt medlemskontingent er medlem av klubben, og har rettar som medlem.
Kontigenten vert fastsett av årsmøtet, og gjeld for eitt år om gongen.
Familiemedlemmer i same husstand/bopel og ungdom til og med fylte 25 år betaler halv kontingent.
Kontigenten skal betalast innan 15. februar. Ved innmelding frå og med 1. september skal det betalast halv kontigent. Leiaren i styret er friteken for kontingent.

Medlem som har lagt ned betydeleg innsats for Skodje fotoklubb, for lokalt fotografi og fotomiljø gjennom mange år, kan utnemnast til æresmedlem.
Forslag om æresmedlemskap kan fremmast av medlemmer i Skodje fotoklubb.
Styret avgjer kven som skal utnemnast til æresmedlem.
Avslag på søknad skal ikkje begrunnast.
Æresmedlem er fritatt for kontingent.
Med utnemninga føl: Skodje fotoklubb plakett og diplom.

§ 4 Styret

Styret skal bestå av fem personar: leiar, sekretær, nestleiar, kasserar og to styremedlemmer. Styret skal møtast minst fire gonger kvart år, og dessutan når minst ein styremedlem krev det. I tillegg skal det vere to varamedlemmer. Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemmene er til stades.

Leiaren kan få godtgjerdsle, som blir fastsett av årsmøtet.

§ 5 Oppgåvene til styret

Styret skal syte for den daglege drifta av klubben. Styret skal arbeide for å nå måla til klubben gjennom medlemsmøte med faglege foredrag, demonstrasjonar, konkurransar, utstillingar og fotoutflukter. Styret kan oppnemne komitear for spesielle oppgåver.

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet er høgaste myndigheit i klubben. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av januar, og innkallast med minst fire vekers varsel.
Forslag som årsmøtet skal behandle, må vere styret i hende seinast tre veker før årsmøtet. Forslag skal vere skriftleg.
Sakliste til årsmøtet med årsmelding, rekneskap og innkomne forslag skal sendast til medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmøtet skal ta opp årsmelding, rekneskap, innkomne forslag, val, godtgjerdsle og kontingent. Rekneskapsåret varer frå 1. januar til 31. desember.
Val:
Leiaren blir valt for eitt år. Resten av styret og valkomiteen på 2 medlemmer vert valt for 2 år.
Nestleiar, ein styremedlem og ein medlem i valkomiteen er på val det eine året, dei to andre styremedlemmene og den andre i valkomiteen neste år.
Dersom ein styremedlem må gå ut av styret, vert ein ny styremedlem valt for attståande del av perioden på neste ordinære årsmøte. Varamedlemmene blir valte for eitt år om gongen.
Ein revisor vert valt for eitt år.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmene krev det. Møtet skal haldast innan to månader. Fristar og innkalling som ved ordinært årsmøte.

§ 8 Oppløysing

Forslag om oppløysing kan kome frå styret eller frå minst 2/3 av medlemmene. Forslaget skal behandlast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev 2/3 fleirtal av medlemstalet for å bli vedtatt. Årsmøtet avgjer med simpelt fleirtal korleis eventuelle midlar skal brukast.


Vedtatt 08.04.2010, sist endra 21.01.2016.

Utskriftsvennlig:   Utskriftsvennlig versjon

Skodje fotoklubb Skodjefotoklubb

 

Uteaktivitet

Overnattingstur
Lepsøy
Laurdag 02. 09. 2017  kl 

Flyfoto Lepsøy

Medlemsmøte-september

Fotokafé i Jentekolonien
Jentekolonien
Torsdag 28. 09. 2017  kl 19:00

Ved Molnes

Månedens bilde

Tema: Summer feeling
Frist 24. 09. 2017  kl 23:59

Thorns, Peter Elias Hoddevik

Aktivitet

Skodjedagene
Skodje
lør-søndag 16. 09. 2017  kl 13

Mester i kassestabling

Aktivitetskalender
 
Bunntekst Skodjefotoklubb.no
  © www.skodjefotoklubb.no
Sidene er sist oppdatert:  25. 9. 2017
Webutvikling: Arnold Hoddevik, Epost til webansvarlig