Hele artikkelen

Tilbake

05. 11. 2017 - Preusprisen til Line Skår

Gullvinner i klassen monokrom print og Leif Preus fotopris for beste portrett uansett klasse. "You ... stole my Soul". Foto: Line Skår

Leif Preus fotopris for beste portrett i haustrunden av NM går til Line Skår frå Skodje Fotoklubb for bildet "You...Stole my soul".

I teksten frå NSFF heiter det også: ”Det kan nemnast at bildet gjorde eit sterkt inntrykk på juryen, som nesten tok til tårer. Anbefala alle som får muligheita til det å sjå papirversjonen av bildet, som gir eit vesentlig sterkare uttrykk.”

Det tette utsnittet fører deg svært nær inn på personen i bildet. Plagget rammar inn ansiktet, og framhevar auget. Er der litt ekstra fukt i nedkanten av auget? Er personen i ein vanskeleg situasjon - på flukt, kanskje?

Dette er 3. gongen på få år Preusprisen går til ein av medlemmene i Skodje fotoklubb.


Tilbake

Tilbake