Formann John Colbensen snakkar med ein av dei frammøtte

Høgaktuelle tema for mange frammøtte medlemmer på medlemsmøtet denne kvelden. Ei gruppe på knapt 20 personar fekk gjennomgang av korleis lukkartid, blendaropning og ISO kan kombinerast for å skape meir kreative bilde, bilde som går litt utanpå dei automatikken i kameraet kan skape.

Ei litt mindre gruppe drøfta bildekomposisjon, og såg på ulike eksempel på korleis komposisjonen påverkar bilda.

Etter iveren å døme var det knapt slik at temaet vart uttømt. Mange kunne sikkert holdt på mykje lenger og diskutert.

Fleire av dei frammøtte var heilt ferske, hadde hatt kamera berre ei kort stund, og nokre var også nyleg meldt inn i klubben.

Klikk her for å laste ned presentasjon om Lukkar, blendar og ISO. (ver litt tolmodig, fordi det kan ta tid å laste ned fila. Trykk ev F5 på tastaturet for å oppdatere, dersom nedlastinga let vente på seg.