Utklipp av nettside, som viser bildegalleriet

Bildegalleri er installert og klart til bruk.

Bildegalleriet gir medlemmane høve til å laste opp og presentere bilda på ein flott og oversiktleg måte. Almenta kan sjå kva bilde som finst, og klubbmedlemmer kan kommentere og gje karakterar til bilda.

Av sikkerheitsomsyn skal administratoren for galleriet registrere medlemmene som brukarar. Det er berre betalande medlemmer i klubben som kan vere registrert brukar av galleriet. Eigenregistrering er derfor stengt.

Utklipp av nettsida i forumet.

Diskusjonsforum er på plass på nettsida til Skodjefotoklubb.no frå torsdag 24.6. Forumet er for medlemmer som har betalt medlemskontingent.

Det er ope for å registrere seg som medlem på forumet, men det står framleis ein del innstillingar att å gjere.

I diskusjonsforumet kan medlemmer i klubben poste spørsmål og kommentarar, og finne aktuell informasjon om ulike tema som klubben og medlemmane tek opp, og som er knytt til ulike sider ved denne gjevande hobbyen.

Utklipp frå nettsida. Kvar gong sida vert lasta, viser to tilfeldig valgte bilde

Skodje fotoklubb fekk endeleg utvikla og nettside, som vart publisert 20. juni 2010. Nettsida skal presentere klubben og vere ein møtestad for medlemmane.

Nettsida er utvikla av Arnold Hoddevik, som er nestleiar i klubben i nært samarbeid med leiaren. 

Nettsida vil bli kontinuerleg utvikla, for å møte behova i klubben.