Fellsprosjekt 2027

Ein av aktivitetane vi i styret har tenkt å gjennomføre tidleg i 2027, er eit fellesprosjekt. Vi håpar at ein slik aktivitet kan spleise medlemmane betre saman, og kanskje bli betre fotografar. Samtidig kan prosjektet resultere i eit nyttig og bra resultat.

Skodje bru, Storstraumen
Storstraumen – Arnold Hoddevik

Klubbprosjekt

Aktiviteten vi snakka om, er eit Klubbprosjekt. NSFF har hatt dette tilbudet siden 2014. Gjennom eit klubbprosjekt får vi øvd oss på å tenkje serie, i staden for å jakte på det beste bildet. Vi kan utvikle evna til å sjå motiv på fleire måtar, og heller fortelje ei vidare historie med bilda. Vi må tenkje som eit lag.

Tema

Vi i styret har diskutert ein del kva som kan vere eit bra tema for klubbprosjektet. Vi meiner vi har kome fram til eit bra forslag, noko som er typisk for området vårt og snevert nok, til å kunne resultere i eit bra sluttprodukt.

Styret foreslår at temaet for det første klubbprosjektet vårt blir; «Steinbru».

Er det noko som vi har mange av i området vårt, så er det nettopp gamle steinbruer. Den mest typiske og ikoniske er Skodje bru i Straumen, men her er mange andre bruer. Eg nemner i fleng: Solnørdal, Furlia, Tennfjord, Vadsset, Storsæterelva, Vatne, Ørskogfjellet, Sykkylven, og det finst sikkert mange fleire. Poenget er likevel ikkje å finne så mange som muleg, men å lage ei god tematisk bildehistorie.

Framdriftsplan

Etter presentasjonen må vi finne ut hvilken retning vi skal ta prosjektet i. Så er det ut å ta bilde. Vi kan dra i lag eller kvar for seg. Etter ei tid bør vi samlast, for å presentere resultatet av fotojakta, og eventuelt spisse den vidare jakta på gode bilde av steinbruer. Tanken er å komme fram til ein god serie i løpet av våren, slik at prosjektet kan leverast i god tid før sommaren. Kanskje bør prosjektet bli eit fast innslag på klubbmøta, der vi vel ut bilda og lagar ein tekst vi skal sende til NSFF. Framfor kvar presentasjon kan forslag til bilde sendast til post@arnoldfoto.no, slik at vi får vist dei på møtet. Bilda skal til slutt lastast opp på same måten som til NM, og teksten skal sendast i vedlegg til epost.

Retningslinjer

Her er eit kort utdrag av retningslinjene.

  • Det er same reglane for bildestorleik og filtype, som det er i NM.
  • Vi kan sende 10-20 bilde, maks 4 bilde per autor.
  • Ein jury vurderer og vel ut prosjekt
  • Presjekt blir viste fram på skjerm under utstillingar i regi av NSFF, og publisert i NSFF Magasin
  • Prosjekta blir lagra i NSFF sitt arkiv i Statsbiblioteket i Stavanger
  • Det er ein fordel om bildeformatet er i 16:9, fordi visinga skjer på TV-skjerm

Les gjerne meir om klubbprosjekt på NSFF si nettside, her

Bilde av bruer til inspirasjon

Du kan ikke kopiere innhold fra den siden.

Skroll til toppen