![]() Release the light, gull i klassen kreativ, John Colbensen Ice Heaven, sølv i klassen farge projeksjon, Monica Elise Vestre Barns tanker. Foto: Fredrik Lübbe
| NSFF har sendt ut årboka til alle medlemmer som har oppgitt postadressa på profilen sin hos NSFF. Årboka er ei flott trykksak på litt over 200 sider, og inneheld bilde medlemmene tok i 2014, og dessuten premierte bilde frå NM i foto. Skodje fotoklubb er svært godt representert i årboka for 2014. Har du ikkje fått boka? Sjekk om postadressa du har registrert hos NSFF er riktig. Du kan endre den ved å logge inn på min side på www.nsff.no. Har du gløymt passordet, kan du bruke funksjonen for å sette nytt passord. Her er bilda som kom med i årboka I tillegg kjem dei premierte bilda frå NM. Der har Skodje desse: Alle desse bilda og resten av bilda i årboka kan du sjå utstilt under Nordic Light i Kristiansund. Ta turen, og bli inspirert. Utstillingane blir også hengande ei stund etter at Nordic Light er over. Tekst: Arnold Hoddevik |




