Bli med – Ein dag i Norge 2026.
Norsk selskap for fotografi (NSFF) arrangerer «Ein dag i Norge 2026» onsdag 19. august. Det er femte året på Rad NSFF inviterer til dette fotoprosjektet, som har som målsetting å dokumentere livet i løpet av ein dag i heile Norge.

Resultatet av prosjektet blir ei e-bok, som du kan laste ned gratis på NSFF.no. Vi håpar på stor variasjon i både motiv og uttrykksformer. NSFF søkjer ekte øyeblikk frå det norske kvardagslivet: Ta bilde heime, på arbeidsplassen, på skolen, under fritidsaktivitetar, i kulturlivet, eller ute i den norske naturen. Vis oss kva som skjer der du er denne dagen!
Les meir om prosjektet, reglar for bilda, namnsetting i NSFFmagasinet.
Fullstendige reglar finn du her.
Her kan du sjå alle dei fire digitale bøkene frå 2022 til 2025.
Ta bildet i løpet av onsdag 19. august, og lever det på NSFF, Min side innan kl 23:50 dagen etter.
