Portrettintervju: Arnold Hoddevik

Arnold – ein uhøgtideleg type, oppvaksen i trygge kår på eit gardsbruk tett ved
havet i Hoddevika, der han tidleg lærte å beherske svært mange ulike
oppgåver på både land og hav – den aller beste oppveksten nokon kan ha.

1. Når begynte du med fotografering?
Eg begynte tidleg å ta bilde. I barndomen hadde vi eit enkelt kamera med ei
søkelupe på to hjørne, ei for landskap og ei for portrett. Så fekk eg Instamatic
til konfirmasjonen. Tidleg i tjueåra kjøpte eg eit Canon Ftb.
Fotograferinga tok meir av etter fylte femti, då eg fekk mitt første digitale,
Canon Powershot G5, 5 Mp.
Etter ei tid vart eg lei av at motivet var borte, når kameraet endeleg hadde
fokusert, og bildet vart teke, så då vart det investert i digital speilrefleks.

2. Har du noen inspirasjonskjelde? I så tilfelle… hvem/hva?
Jau, eg har fleire inspirasjonskjelder, blir generelt inspirert av gode
komposisjonar med vakkert lys. I Skodje fotoklubb har eg fleire, som inspirerer
meg.

3. Hvorfor er du medlem av SFK?
Eg er medlem i Skodje fotoklubb, for å delta i eit inspirerande fotomiljø, og eg
håpar å kunne gje noko til andre i klubben. Dette var også grunnen til at eg
aktivt støtta opp om initiativet, og blei med å starte klubben våren 2010, og
vere med i styret i ca. 10 års tid.

4. Hva er det viktigste du har lært om fotografering?
Det viktigaste eg har lært trur eg må vere å utnytte lyset. Så det er kanskje litt
rart at eg likar å fotografere i dårleg lys.

5. Hvilke er dine 3 beste bilder?
Eg kan ikkje klare å velgje kva for tre som er dei beste. Dei tre eg har valt ut,
er bilde eg sjølv likar svært godt. Andre vil kanskje meine eg har betre bilde,
og det er sikkert rett. Nokon likar dette, andre likar noko anna. Det ser vi også i
konkurransar. Ein jury kan avvise eit bilde, og ein anna kan premiere det
same.
Kveldsbildet frå Hoddevika, som viser lysa til ein bil heile vegen, arbeidde eg
mykje med å få til. Det viser godt vegen og busettinga i bygda, med eit
særeige vestlandsk kulturlandskap.

Kveldsbildet av Kannesteinen planla eg lenge- Målet var å skape eit enkelt
bilde med roleg atmosfære, som skulle vise den særmerkte steinen i lavt
perspektiv og med det grøne lysblinket frå Hendaneset fyrlykt i det fjerne.
Bonusen var den vakre solnedgangen ved midnatt, samtidig som dramatiske
skyer trua ovafor. Dette skapte ekstra djupne i bildet.

 

Babybildet er eit av fleire, der eg prøver å formidle dei sterke banda mellom
foreldre og born, tryggleiken borna treng og den grenselause omsorga vi
foreldre har for våre born.

6. Hvilke(t) mål har du innen foto?
Det viktigaste for meg er å ha glede av fotograferinga, å kunne skape eit
resultat, som rører ved dei som ser bilda. Dersom ein jury likar bilda, er det ei
ektra oppmuntring. Kanskje kan eg ein gong oppnå ein premie også.

7. Hva er dine favorittmotiv?
Ingen veldig klare favorittar. Det er kanskje ikkje så veldig hemmeleg at eg
likar både kveld, natt og vatn i ulike former. Eg har røtene mine med havet
som næraste nabo, så eg kan sjå lenge på korleis sjøen oppfører seg – og
nyte synet.
Eg ser elles utfordringar i andre motiv også. Arrangement er både ei utfordring
og ei fin oppleving.

8. Har du noe favorittobjektiv?
Eg har to objektiv, som alltid blir med i veska. Begge er zoom. Dei er 24-70
mm f/4 og 70-200 mm f/2,8.

9. Hva for tips kan du gi til klubbmedlemmene? Noen innspill?
Noko av det viktigaste du gjer under fotografering, er å bruke beina. Gå
nærare, prøv ulike vinklar og komposisjonar, ulike perspektiv.
Lær nye ting – heile tida. Eg tok store deler av utdanninga mi i vaksen alder,
ved sida av arbeid. Kvar dag eg lærer noko nytt, er ein bra dag.

Dersom du vil lese meir om Arnold og sjå fleire bilde, kan du gjerne besøke
Arnoldfoto Du kan også lese portrettintervju, som NSFF-Magasinet
gjorde i november 2023.
Portrettintervju av Arnold Hoddevik – Ligthroomentusiast – NSFF Magasin |
Norsk Selskap for Fotografi

Du kan ikke kopiere innhold fra den siden.

Skroll til toppen