Street Art, Arnold Hoddevik

April Snow, Monica Elise Vestre

Hibernation, John Colbensen

3 medlemmer i Skodje fotoklubb har fått kvart sitt bilde med i NSFF si årbok for 2013. I tillegg er premierte bilde frå NM i film og foto med i boka.

Alle bilda som er med, kan du sjå i linken på forrige side. I tillegg kjem Kenneth Enstad og Geir Jartveit sine medaljebilder.

Alle bilda i boka er utstilt i Kristiansund, i Storgata 11, og vil bli hengande fram til 18. mai kl 16, då utstillinga stengjer for siste gong i år.

Årboka blir sendt til alle medlemmer med oppdatert adresse i næraste framtid. Årboka er resultat av 1027 innsende bilde frå klubbar landet rundt. Av desse er 170 bilde plukka ut til å vere med i boka. Juryen for denne versjonen av årboka har vore i alt 8 fotoklubbar, og dei har hatt ein stor jobb med å plukke ut bilda.

Skodje fotoklubb har også utstilling i same huset, og medlemmane i klubben sende 17 bilde til denne utstillinga. Den er ei av mange utstillingar som fotoklubbar og skular har under Nordic Light - to etasjer spekka med varierte og vakre bilde.

Tekst: Arnold Hoddevik