§ 1 Namn 

Namnet på klubben er Skodje Fotoklubb.

§2 Målet til klubben

Å gi medlemmene auka kunnskap om fotografi. Å auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet. Å skape eit bredt fotomiljø.

§ 3 Medlemskap

Alle som har betalt medlemskontingent er medlem av klubben, og har rettar som medlem. 
Kontigenten vert fastsett av årsmøtet, og gjeld for eitt år om gongen. 
Familiemedlemmer i same husstand/bopel, honnør/personar som fyller 67 år i løpet av året  og ungdom til og med fylte 25 år betaler halv kontingent. 
Kontingenten skal betalast innan 15. februar. Ved innmelding frå og med 1. september skal det betalast halv kontingent. Leiaren i styret er friteken for kontingent.

Medlem som har lagt ned betydeleg innsats for Skodje fotoklubb, for lokalt fotografi og fotomiljø gjennom mange år, kan utnemnast til æresmedlem.
Forslag om æresmedlemskap kan fremmast av medlemmer i Skodje fotoklubb.
Styret avgjer kven som skal utnemnast til æresmedlem. 
Avslag på søknad skal ikkje begrunnast.
Æresmedlem er fritatt for kontingent.
Med utnemninga føl: Skodje fotoklubb plakett og diplom

§ 4 Styret

Styret skal bestå av fem personar: leiar, sekretær, nestleiar, kasserar og to styremedlemmer. Styret skal møtast minst fire gonger kvart år, og dessutan når minst ein styremedlem krev det. I tillegg skal det vere to varamedlemmer. Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemmene er til stades.

Årsmøtet fastset godtgjersle til medlemmer som fungerer i tillitsverv eller personar utpeika av styret til nøkkeloppgåver i klubben.

§ 5 Oppgåvene til styret

Styret skal syte for den daglege drifta av klubben. Styret skal arbeide for å nå måla til klubben gjennom medlemsmøte med faglege foredrag, demonstrasjonar, konkurransar, utstillingar og fotoutflukter. Styret kan oppnemne komitear for spesielle oppgåver, og inngå avtaler om løysing av særskilde oppgåver.

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet er høgaste myndigheit i klubben. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av januar, og innkallast med minst fire vekers varsel.
Forslag som årsmøtet skal behandle, må vere styret i hende seinast tre veker før årsmøtet. Forslag skal vere skriftleg. 
Sakliste til årsmøtet med årsmelding, rekneskap og innkomne forslag skal sendast til medlemmene seinast ei veke før årsmøtet. 
Årsmøtet skal ta opp årsmelding, rekneskap, innkomne forslag, val, godtgjerdsle og kontingent. Rekneskapsåret varer frå 1. januar til 31. desember. 


Val:
Leiaren blir valt for eitt år. Resten av styret vert valt for 2 år. Valkomiteen på 3 medlemmer blir valt for 3 år, og ein står på val kvart år.
Nestleiar, ein styremedlem og ein medlem i valkomiteen er på val det eine året, dei to andre styremedlemmene og den andre i valkomiteen neste år. 
Dersom ein styremedlem må gå ut av styret, vert ein ny styremedlem valt for attståande del av perioden på neste ordinære årsmøte. Varamedlemmene blir valte for eitt år om gongen. 
Ein revisor vert valt for eitt år.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmene krev det. Møtet skal haldast innan to månader. Fristar og innkalling som ved ordinært årsmøte.

§ 8 Oppløysing

Forslag om oppløysing kan kome frå styret eller frå minst 2/3 av medlemmene. Forslaget skal behandlast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev 2/3 fleirtal av medlemstalet for å bli vedtatt. Årsmøtet avgjer med simpelt fleirtal korleis eventuelle midlar skal brukast.


Vedtatt 08.04.2010, sist endra 26.01.2023