|
Kommunikasjon er vanskelig. Det er om å gjere å velje ein kanal som når fram til den du skal kommunisere med. Dessuten må innholdet vere slik at det blir forstått. Som om ikkje det er nok, må kostnadene vere innafor rammer som sendaren av budskapet rår over.
I det siste har det gått ei kule varmt om korleis klubben skal informere om arrangement og anna som medlemmane bør få vete om.
Det kjem stadig spørsmål på spørsmål om saker som står på klubben si nettside, og nokre krev høgt og tydeleg at Facebook må brukast, sjølv om berre halvparten av medlemmene har konto der. Det blir hevda at www.skodjefotoklubb.no er heilt 90 (dvs gammaldags og håplaus) Kvifor kan ikkje medlemmene bruke dei kanalane som alle har tilgang til? Er nettsida til klubben så håplaus som det blir hevda?
Alle kan vise nettsida skodjefotoklubb.no, og alle har brukarnamn og passord til forum og bildegalleri. Av omsyn til kostnader er det i praksis berre desse elektroniske kanalane klubben kan bruke. Kvar enkelt medlem bør vere interessert i å søkje den tilrettelagde informasjonen.
Styret vedtok dette: Informasjon skal leggast på www.skodjefotoklubb.no Informasjon som inneheld medlemsfordeler eller er berre for medlemmer skal leggast på forumet. Facebook kan brukast til å linke til informasjon på skodjefotoklubb.no og forumsida.
Medlemmer som har meiningar om dette blir oppmoda om å poste tråd på forumsidene. Der kan vi diskutere interne saker uten å rope i eteren.
|