Dialogboks i Lightroom når oppdatering er tilgjengelig

Adobe slepte den 18.09.2013 endelig versjon 5.2 av Lightroom. Dersom du har LR 5, vil det dukke opp ein informasjonsboks neste gong du startar Lightroom. Der står det at oppdatering er tilgjengelig. Det er gratis å innstallere denne oppdateringa, dersom du eig versjon 5 frå før.

1. august la Adobe ut release candidate av versjon 5.2 for nedlasting. I tida etter har programmet blit testa ytterlegare av tusenvis av brukarar, og Adobe har retta på ting desse brukarane har meldt inn.

Oppdateringa inneheld støtte for 16 nye kamera, nye objektivprofilar, fleire feilrettingar og enkelte nye funksjonar.

To nye funksjonar er justering av feather (overgangsområde) for Spot Removal og brytar for støyfjerning i panelet Detail.

Klikk på download i skjermbildet Lightroom Update Available, for å laste ned oppdateringa. Adobe har også lagt ut alle detaljar om oppdateringa.