Foto: Oddveig Karin Holmen

Foto: Kristian Nakken

Foto: Kristoffer Antonsen

Torsdag 19. september gjekk eg til klubbmøte med forventningar om å bli betre kjende med tre dyktige medlemmer i klubben. Dei tre skulle nemleg vise bilde og fortelje om bilda sine.

Så skulle eg presentere resultatet av første runde i konkurransen om å bli årets fotograf, og denne runden baud kanskje på overraskingar

Oddveig starta kvelden med ein serie om mange, rare ting. Ho kallar seg Oddway av minst to grunnar. Med eit slikt namn kan ho jo ta bilde av kva som helst, og så blir Oddveig lett til Oddway på engelsk. Oddveig viste bilde av både kyr og kalvar i rare vinklar, himmel og hav, små ting i det store, kamerasnurr, ullent, i forbifarten, naturens kunst og gatekunst. Mange spennande motiv hadde ho teke med.

Kristian hadde vore på Svalbard, og viste ein variert serie frå turen. Gruvemiljø, landskap, installasjonar og dyreliv skapte ein variert serie frå han òg.

Kristoffer er utdanna fotograf, og arbeider som fotojournalist. Han fortalde og viste bilde frå fotoutdanninga, både frå strandområde, , interiørprosjekt, brudebilde, mote, røk og blits, nordlys, osv. Han sa at han også brukar mobiltelefonen mykje og ofte, og at det gir han mange artige situasjonar. Eksempel på dette var m.a. frå eit sjukehusopphold. Eit prosjekt han deltok i tidlegare, vart illustrert med kattekopi, ein katt som sto og åt på kopiplata av ei kopimaskin - eit morosamt innslag..

Årets fotograf kan bli spennande i år. 19 deltakarar hadde sendt inn bilde, og alle kunne sende 2 kvar. Tema i denne runden var fritt motiv.

Nye namn gjorde seg gjeldande på listene, og dei to beste klarte å få begge bilda sine blant dei 5 beste. Les meir om dette i forumet.

Tekst: Arnold

Klikk her for å sjå fleire detaljar om konkurransen