Gomerhuset

Fotoklubben flytter møta tilbake til Gomerhuset frå første møte i januar 2014, dvs 23. 01. Møta blir fortsatt på torsdager og til same tid som før.

Fotoklubben drøfta saka på styremøte den 9. januar. Etter ei samla vurdering av klubben sine behov og situasjonen klubben er i, signal frå medlemmer, vedtok styret einstemmig å seie opp leigeavtalen med ungdomslaget, og flytte møta tilbake til Gomerhuset.

Klubben kan foreløpig velje mellom musikkrommet og kultursalen.

Illustrasjon frå internett

Programmet for vårsemesteret tek form, og styret håpar medlemmene synes det blir eit interessant program. Fleire detaljar vil falle på plass etterkvart, så føl med.Programmet vart drøfta på styremøte torsdag 9. januar.

Før møtet hadde styret fått mange innspel frå fleire medlemmer, og kommande tema er henta frå desse innspela.

Eit utfordring med fleire av ideane, var at dei krev mykje førebuing av den som skal stå føre programmet. Vi har prøvd å løyse dette så godt det let seg gjere på kort varsel. Det nye styret vil sikkert arbeide vidare med forslaga, og prøve å få tak i både interne og eksterne krefter til å stå føre programpostar basert på ønskje frå medlemmane. I vår får vi kanskje besøk av to eksterne, både ein frå NSFF og ein inspirerande fotograf

Den økonomiske situasjonen i klubben set nokre begrensingar i mulegheitene til å leige ekstern ekspertise. Det blir likevel forsøkt å få til både oppfylling av ønskje og variasjon. Nokre av innspela hadde vi på medlemsmøte hausten 2013.

Det er klart for innlevering til Årboka. Bli med du også da :) Maks to bilder pr. deltaker. Frist 31. januar.

Balansekunst... Foto: Ernst Magne Kaldhussæter

Lysmåling... Foto: Roar Mortensen

Årets siste klubbmøte, og det var tid for portrettfoto.

Vi rigget opp studioblitsene, hengte opp en sort bakgrunn og brukte hverandre som modeller. Det er hektiske dager før jul, så bare 10-12 medlemmer møtte denne kvelden, men vi som var der fikk både gode tips og mye moro. Litt forsiktige av oss er vi imidlertid fortsatt...spesielt foran kamera... ;)

Hele kvelden gikk med til praktisk foto, så konkurranseresultatene ble derfor lagt direkte ut i forumet. Med kun fire autorer, så ble resultatlista slik:
1. plass: "Besøk" - Paul Grøtt
2. plass: "Fading beauty" - Monica Elise Vestre
3. plass: "Flower in a vase" - Marit Lystad Johansen
Vi gratulerer.

Snart er det et nytt år med nye muligheter... God Jul :)

Tekst: Monica Elise Vestre

Dramatisk lys på Vigra. Foto: John Colbensen

Hester i snøstorm i Spjelkavika. Foto: Geir Jartveit

Godøya og Breisundet i abstrakt form. Foto: Kenneth Enstad

Tre av klubbens medlemmer er i disse dager aktuell i en flott fotobok med bilder fra den vakre landsdelen som vi er så heldige å bo i. Boka heter Art of Sunnmøre.

De tre fra klubben er John Colbensen, Geir Jartveit og Kenneth Enstad. Totalt ti lokale fotografer viser Sunnmøre på sin spesielle måte, og de begynner sitt kapittel med sin personlige beskrivelse av Sunnmøre.

Et sitat fra omslaget av boka sier det meste om den:

"
Beauty is in the eye of the beholder…

Even though, sometimes, beauty is indisputable. Like a light-touched drop of morning dew, the region of Sunnmøre is just pure, tranquil beauty.

This book is here to show you the indisputable truth about the beauty of Sunnmøre. Close your eyes wide open and feel the legacy of the inspiring Nordic light.

Breathe
"

Årets julegavetips? :) Boka er å få kjøpt i flere lokale bokhandlere, samt på nettet. Forlaget er Akademika Publishing, og boka gis ut av svenske Fredrik Sigurdh som ville vise den flotte landsdelen som han er så stolt av å bo i.

Klikk på linken på forrige side om du har lyst til å lese mer om boka.

Tekst: Monica Elise Vestre

FIAP åpner 3.mai 2014 et permanent utstillingssenter i Toscana, Italia. Den første utstillingen får tittelen “Women’s Photo Art in FIAP”.

NSFF blir bedt om å sende 2 fotografier til utstillingen, tatt av to ledende kvinnelige fotografer. NSFF inviterer derfor alle kvinnelige medlemmer til å sende inn bilder, maks 4 digitale bildefiler i farge/monokrom. Hovedstyret i NSFF er jury og tar seg av printing. Fristen er 15.februar

I forbindelse med fotografiets 175 års jubileum i 2014, inviterer FIAP til konkurranser med tema: "Friendship and Solidarity". Frist 24. januar 2014. Klikk på linken for mer info.

1. plass til Geir Jartveit med dette bildet

Første runde i NM for foto/film er juryert, og dommen er kjent. Skodje Fotoklubb gjorde en veldig bra prestasjon som klubb - 4. plass sammenlagt. Det var også nokre sterke individuelle plasseringar.

Av prestasjoner individuelt er det verdt å merke seg ein 1. plass til Geir Jartveit og 2. plass til Kenneth Enstad i klassen Projeksjon Monokrom. Kenneth oppnådde også 2. plass i klassen Monokrom: Både Geir, Kenneth og John oppnådde dessutan hederleg omtale.

I alt 16 arbeid vart antatt.

Gratulerer til både klubb og enkeltmedlemmer.

Den komplette lista over resultat i klubben finn du her.

Tekst: Arnold Hoddevik

Flow av Monica Elise Vestre

Namafjall av Hilde Sørdal

Life and death av John Colbensen

Novembermøtet til Skodje fotoklubb hadde Island som tema. Tre av klubbmedlemmane har i løpet av siste månadane vore ein tur til Sagaøya. Sist torsdag skulle dei fortelle og vise eksempel på kva dei vart fasinerte av, på denne fantastiske øya.

Først ut var Monica Elise Vestre som viste litt av det du kan få med deg i den sørlege delen av landet. Vakre naturbilde frå kysten og innlandet viste at fargane og lyset på Island både er intense og skiftande.

Så var det underteikna sin tur. Turen vår gjekk med bil langs Rv 1 med start og stopp i Reykjavik. 11 dagar på ein slik rundtur er eit minimum, men du får då med deg dei mange ulike landskapsformene og naturfenomena som er særeigne for Island.

Til slutt var det John Colbensen som gjennom sin bildeserie og fortelling presenterte både dei typiske turistmagnetane og nokre meir bortgøymde naturskattar på Sør-Island.

Alle bidragsyterane denne kvelden kan tenke seg å reise tilbake til Island, og vil anbefale dei som ikkje har vore der, å ta seg ein tur. At Island har mykje å by på, både når det gjeld natur og historie, er det ikkje tvil om.

Etter presentasjonane var det gjennomgang av bilda i 2. runde i klubbkonkurransen. Tema var vennskap - kanskje ikkje det enklaste å formidle gjennom foto. Av dei 16 bilda som var innkomne, var det følgjande fem som kom på resultatlista. 1.plass ”Bestevenner” av Monica Elise Vestre, 2. plass ”Sisters”, Kenneth Enstad, 3. plass "Friends on ice”, Kenneth Enstad 4. plass ”Søstre” Monica Elise Vestre, 5. plass «Venskap», Elin Parr.

 

TING I TIDEN Til slutt nokre påminningar om diverse aktuelle saker.

Neste runde i klubbkonkurransen har tema Stilleben, innlevering 4. desember

Neste klubbmøte er torsdag 12. desember Dette blir ein aktiv fotokveld.

Julebord for klubbmedlemmane på Fagerheim fredag 13. desember.

Ny flott fotobok, Art of Sunnmøre, - tre av medlemmane i Skodje fotoklubb har med bilde her; Geir Jartveit, John Colbensen og Kenneth Enstad.

Tekst: Hilde Sørdal

Veiledningi praksis. Bård Løken forklarar korleis bildet kan gjerast betre. Signe, Jon og Bjarne føl ivrig med. Foto: Arnold Hoddevik

Takk for ei strålande fin helg. Primus motor for workshopen, John Colbensen takkar Bård Løken for innsatsen. Foto: Arnold Hoddevik

Parti frå Alnes. Vått og surt, men det gir ofte eit godt lys. Foto: Arnold Hoddevik

Endelig var helga der. Den kjende naturfotografen Bård Løken var invitert til å ha workshop i Skodje, og det var enorm pågang. I løpet av 1,5 timar var det fullteikna, så vi måtte til med kreative løysingar for å få plass til fleire. Forventingane var store då 24 deltakarar benka seg fredag 25.10.

Bård innleia helga med ei framvising av nokre av sine bilde fredag kveld. Laurdag var alle deltakarane ute i regnveret på Alnes, og prøvde etter beste evne å praktisere det Bård hadde lært bort fredag kveld. Søndag gjekk med til utvelging og redigering av bilda. Kvar deltakar fekk vise fram dei aller beste bilda frå laurdag, og fekk konstruktiv kritikk frå Bård og dei andre.

Bård Løken er ikkje som mange andre naturfotografar. Han likar ein sakte stil, og brukar alltid stativ. Det gir han ro, og han kan studere eit motiv frå mange vinklar. Han likar godt å jobbe med vatn, noko vi fekk sjå under fotogrferinga ved Alnes.

Lys er avgjerande, og det er viktig å sjå etter lysforhold og fargekombinasjonar. Dra gjerne andre plassar til andre tider enn alle andre. Det gir deg bilde som ikkje alle andre har, og det kan av og til dukke opp noko spesielt. Det er ikkje alltid han finn det han dreg ut for å finne, men finn gjerne noko anna. Det er viktig å vere open.

Bård Løken vart godt motteken, og mange medlemmer vart veldig imponerte over det dei fekk sjå av bilde, og det dei fekk lære. Helga var ein stor inspirasjon for alle som var med.

Tekst: Arnold Hoddevik