Medlemstalet i klubben aukar jamt og trutt. For få dagar sidan vart nr 50 registrert, og det stoppar ikkje der.

Frå fredag 10. september er eit innmeldigsskjema på plass på nettsida. Du finn skjemaet uner lenka "Bli medlem" øvst til høgre på nettsida. Velkommen som medlem i ein aktiv og veksande klubb.

Ein medlem strevar med å registrere sin nye konto. Foto: Ingrid Emma Drøpping

Det er opna for eigen registrering av brukarar i bildegalleriet, og brukarar i diskusjonsforumet må no aktivere kontoen sjølve.

Vi tilrår at kvar enkelt så langt råd er brukar fornamn og første bokstav i etternamnet som brukarnamn på forum og bildegalleri. Arnold har t.d. brukanamn arnoldh

Alle betalande medlemmer kan no sjølve opprette konto. Vi vil nok kontrollere at kontingenten er betalt, og stenge kontoen til dei som ikkje betaler kontingenten.

Ein medlem strevar med å registrere sin nye konto. Foto: Ingrid Emma Drøpping

Det er opna for eigen registrering av brukarar i bildegalleriet, og brukarar i diskusjonsforumet må no aktivere kontoen sjølve.

Vi tilrår at kvar enkelt så langt råd er brukar fornamn og første bokstav i etternamnet som brukarnamn på forum og bildegalleri. Arnold har t.d. brukanamn arnoldh

 

 

Alle betalande medlemmer kan no sjølve opprette konto. Vi vil nok kontrollere at kontingenten er betalt, og stenge kontoen til dei som ikkje betaler kontingenten.

Utklipp av nettside, som viser bildegalleriet

Bildegalleri er installert og klart til bruk.
Bildegalleriet gir medlemmane høve til å laste opp og presentere bilda på ein flott og oversiktleg måte. Almenta kan sjå kva bilde som finst, og klubbmedlemmer kan kommentere og gje karakterar til bilda.

Av sikkerheitsomsyn skal administratoren for galleriet registrere medlemmene som brukarar. Det er berre betalande medlemmer i klubben som kan vere registrert brukar av galleriet. Eigenregistrering er derfor stengt.

Utklipp av nettsida i forumet.

Diskusjonsforum er på plass på nettsida til Skodjefotoklubb.no frå torsdag 24.6. Forumet er for medlemmer som har betalt medlemskontingent.
Det er ope for å registrere seg som medlem på forumet, men det står framleis ein del innstillingar att å gjere.

I diskusjonsforumet kan medlemmer i klubben poste spørsmål og kommentarar, og finne aktuell informasjon om ulike tema som klubben og medlemmane tek opp, og som er knytt til ulike sider ved denne gjevande hobbyen.

Steingard med fyret i bakgrunnen,
foto: Arnold Hoddevik

Torsdag 17. juni var det duka for tur til Alnes. Fulle av forventningar drog ein bra gjeng ut over, men vart etter kvart klar over at veret ikkje var heilt det same som på Skodje. Regn og vind skapte ekstra utfordringar, men også ekstra mulegheiter.

Nokre av medlemmane var nok ikkje like godt førebudde på veret som møtte oss, og også bange for utstyret sitt.
10-12 av oss trassa regnet og la i veg. Vi prøvde å utnytte forholda, brukte stativ og lange lukkartider, for å illustrere bårene og gras som vaia i vinden.

Utklipp frå nettsida. Kvar gong sida vert lasta, viser to tilfeldig valgte bilde

Skodje fotoklubb fekk endeleg utvikla og nettside, som vart publisert 20. juni 2010. Nettsida skal presentere klubben og vere ein møtestad for medlemmane.

Nettsida er utvikla av Arnold Hoddevik, som er nestleiar i klubben i nært samarbeid med leiaren.
Nettsida vil bli kontinuerleg utvikla, for å møte behova i klubben.

Nokre av dei som heldt ut lengst måtte søkje ly i tunnelen.

Søndag 18. april var det klart for fotoutflukt til Straumsbruene. Dagen starta med sol, men då alle hadde møtt fram, starta snøkaven. Alle dei omkring 20 deltakarane som møtte fram, fekk ei lita orientering frå leiaren, og drog så ut for å fange spennane motiv og perspektiv på og omkring bruene.

Sjølv om det snødde ganske tett, var det stor aktivitet. Nokre gjekk over den store gamlebrua og ned på holmen, både på vestsida og neset på austsida. Andre gjekk til tunnelen på sørsida, og atter andre gjekk langs fjøra på nordsida. Mange bilde vart det, og bilda viste at deltakarane på turen hadde tatt i bruk ny lærdom.

8. april 2010 vart Skodje fotoklubb stifta i sitt første ordinære årsmøte. På førehand hadde ein minst like stor flokk valgt eit interimstyre. Med få endringar vart styret sine forslag einstemmig vedtekne.

Interimstyret la fram forslag til styre, vedtekter, namn på klubben, kontingent og innmelding i Norsk Selskap for Fotografi (NSFF). Meir enn 25 interesserte personar møtte fram for å vere med på dette historiske møtet. Det nye styret fekk i oppdrag å registrere klubben i Einingsregisteret, opprette konto i bank, kreve inn kontingent og melde klubben inn i NSFF