Bilde som rune Molnes har teke, og som han har publisert på www.runemolnes.com

RUNE MOLNES SKRIV Fra 1. desember satser jeg på å kunne jobbe fulltid som fotograf. Det har vært en vanskelig avgjørelse å ta, men nå gleder jeg meg til å ta fatt på alle prosjektene som har ventet på hylla. For å feire min nye tilværelse, arrangerer jeg en stor juleutstilling i Galleri Ellingstova på Yste Molnes. Under åpningshelga vil alle besøkende være med i trekningen av et kanvasbilde med tittelen "Fra Bårevika", til listepris kr 5100.

Det vil bli utstilt ca. 60 bilder, med motiver fra Mørekysten og Giske kommune, Island og Lofoten. Utvalget spenner fra større kanvasbilder på 1x1,5m til mindre bilder på 20x30cm. Flere av bildene har vært antatt til Statens Høstutstilling, og premiert av de største internasjonale bransjefora. Jeg håper at så mange som mulig vil ta turen innom - og spre gjerne ordet til venner og bekjente :-) Åpningstider 3.-5. desember samt søndag 19. desember: Kl 10 - 22. Ellers åpent etter avtale: Tlf. 911 83 399 / 957 88 572

Bårer mot stranda i Hoddevika

Det var stor interesse for temaet på medlemsmøtet 8. november. Så mange som 38 medlemmer benka seg i musikkrommet, og fulgde nøye med på leiaren si orientering og gode illustrasjon av korleis den enkelte kan skape spennande bilde ved hjelp av lange lukkartider.

Alt er relativt. Vengjene på ei humle beveger seg så hurtig, at dei rekk å svinge, sjølv om lukkartida er 1/320. Tek du bilde av bølgjer som slår mot stranda, kan du gjerne bruke lukkartid på nokre sekund, for å skape spenning. Dersom du vil illustrere jordrotasjonen ved hjelp av stjernene, må du kanskje bruke mange minutt. Stativ og fjernkontroll er godt å ha i slike høve.

Supert program for organisering av bildesamlinga di, og enkelt å redigere - uten mulegheit til å øydeleggje bilde.

Det blir invitert til kurs i programmet Adobe Photoshop Lightroom. Førebels er det sett opp 3 kurs 46, 47 g 48. Klikk på kurs nr nedanfor, for å laste ned program og informasjon om påmelding for kvart enkelt kurs.
Kurs 1 veke 46
Kurs 2 veke 47
Kurs 3 veke 48

Adobe Photoshop Lightroom 3 er eit utvikla i nært samarbeid med profesjonelle fotografar. Det har særdeles gode eigenskapar i organisering og gjenfinning av bilde, du kan enkelt gjere dei fleste vanlege justeringar av bilda, du kan produsere dei beste utskrifter, lysbildeshow og webgalleri.

Stjerner over Brune på Fylling

Torsdag 11.11. er det tid for ny fotoutflukt, denne gongen med lange lukkartider som tema. Møt fram i Dragsundet klokka 19. Ikkje gløym stativet. Ta også med fjernkontrollen, dersom du har det.

Det er også nyttig med varme klede, og ikkje minst varme sko.

Når du fotograferer med lange lukkartider, er det også bra å ha nyladda batteri, og kanskje eit ekstra i lomma.Straumen går fort ut når det er kaldt, og når lukkaren er open lenge. Vel møtt. Dette blir spennande..

Sjå elles informasjon på Facebookgruppa.

Morgenmagi av Monica Vatnehol

Medlemmane i klubben konkurrerer om å bli årets fotograf. Det vert arrangert ei runde per måned frå oktober 2010 til våren 2011. Poenga frå kvar runde vert lagt saman, og medlemmet med flest poeng vinn samanlagt.

Bilda frå kvar runde kan du sjå i bildegalleriet, og fullstendig resultatliste og samanlagtliste finn du i forumet.

 

Bildegalleri og diskusjonsforum er under omarbeiding og vedlikehold. Tirsdag 26.10. vart det installert oppdatert programvare, og bygd felles brukaradministrasjon for forum og bildegalleri. Det står framleis att ein god del arbeid med å få forumet til å virke slik det skal. Det kan derfor bli litt opp og ned med tilgang og funksjonalitet.

Dei aller fleste brukarnamn er endra til "Fornamn Etternam". Passord er uendra. Den som vil registrere seg, må registrere seg med fult namn som brukarnamn, f.eks. Arnold Hoddevik. Seianre følgjer fleire oppdateringar og omlegging av sidene, så føl med, men ver tolmodige, og gje tilbakemelding.

Trialoppvising ved Skodje Ungdomsskkule 17. mai 2007.

Laurdag 23.10. er det duka for ny fotoutflukt, denne gongen til KM i trial på Håhjem i Skodje. Her blir det mange spennande utfordringar, så møt fram.

Du kan laste ned program og informasjon om utflukta ved å klikke her.

Matpause i Rødal

Sønad 10.10. reiste 11 interesserte klubbmedlemmer til Tafjord for å feste gode motiv til bildebrikka. Tafjord openberra seg i strålande sol med skoddedottar omkring fjella. Første stopp var Zakariasdammen. Deretter gjekk turen til øvste Rødal, så attende til Onilsavatnet og til slutt fjøra i Tafjorden.

Det blir spennande å sjå kva deltakarane fekk ut av turen. Fleire var veldig aktive, og fór høgt og lavt etter både landskapsbilde og detaljar i landskap og på bygningar.
      
Fjøsdøra i Rødal     Zakariasvatnet

Zakariasdemninga, 96 m høg, demmer opp 70 mill m³ vatn. Bilde henta frå www.visitnorddal.com

Sønad 10. oktober er det klart for felles fototur til Tafjord. Ta med familien, og hiv deg med på denne spennande turen. Klikk her for å laste ned turprogram

Tafjord strekkjer seg frå havnivå til høge, ville fjell. Der er mange spennande motiv, både i bygda og oppe i fjella.

Formann John oppsummerer møtet

Torsdag 30. september hadde vi det siste medlemsmøtet før overtaking av nye lokale i Gomerhuset. ca 25 medlemmer møtte fram for å vere med på gjennomgang av bilde med potensiale for forbetringar, med andre ord ein utvida diskusjon rundt bildekomposisjon.

Lillian hadde med eit utvalg av bilde frå ferieturen til Nord-Norge sist sommar. Det var mange meiningar og tips om korleis bilda med enkle grep kunne blit betre.

Ein av konklusjonane etter gjennomgangen var at det ofte er lurt å sjå seg litt rundt for å få best muleg lys og utsikt til motivet og dessutan prøve å utelate ting som stel oppmerksomheita frå hovedmotivet.