Bildegalleri og diskusjonsforum er under omarbeiding og vedlikehold. Tirsdag 26.10. vart det installert oppdatert programvare, og bygd felles brukaradministrasjon for forum og bildegalleri. Det står framleis att ein god del arbeid med å få forumet til å virke slik det skal. Det kan derfor bli litt opp og ned med tilgang og funksjonalitet.

Dei aller fleste brukarnamn er endra til "Fornamn Etternam". Passord er uendra. Den som vil registrere seg, må registrere seg med fult namn som brukarnamn, f.eks. Arnold Hoddevik. Seianre følgjer fleire oppdateringar og omlegging av sidene, så føl med, men ver tolmodige, og gje tilbakemelding.

Trialoppvising ved Skodje Ungdomsskkule 17. mai 2007.

Laurdag 23.10. er det duka for ny fotoutflukt, denne gongen til KM i trial på Håhjem i Skodje. Her blir det mange spennande utfordringar, så møt fram.

Du kan laste ned program og informasjon om utflukta ved å klikke her.

Matpause i Rødal

Sønad 10.10. reiste 11 interesserte klubbmedlemmer til Tafjord for å feste gode motiv til bildebrikka. Tafjord openberra seg i strålande sol med skoddedottar omkring fjella. Første stopp var Zakariasdammen. Deretter gjekk turen til øvste Rødal, så attende til Onilsavatnet og til slutt fjøra i Tafjorden.

Det blir spennande å sjå kva deltakarane fekk ut av turen. Fleire var veldig aktive, og fór høgt og lavt etter både landskapsbilde og detaljar i landskap og på bygningar.
      
Fjøsdøra i Rødal     Zakariasvatnet

Zakariasdemninga, 96 m høg, demmer opp 70 mill m³ vatn. Bilde henta frå www.visitnorddal.com

Sønad 10. oktober er det klart for felles fototur til Tafjord. Ta med familien, og hiv deg med på denne spennande turen. Klikk her for å laste ned turprogram

Tafjord strekkjer seg frå havnivå til høge, ville fjell. Der er mange spennande motiv, både i bygda og oppe i fjella.

Formann John oppsummerer møtet

Torsdag 30. september hadde vi det siste medlemsmøtet før overtaking av nye lokale i Gomerhuset. ca 25 medlemmer møtte fram for å vere med på gjennomgang av bilde med potensiale for forbetringar, med andre ord ein utvida diskusjon rundt bildekomposisjon.

Lillian hadde med eit utvalg av bilde frå ferieturen til Nord-Norge sist sommar. Det var mange meiningar og tips om korleis bilda med enkle grep kunne blit betre.

Ein av konklusjonane etter gjennomgangen var at det ofte er lurt å sjå seg litt rundt for å få best muleg lys og utsikt til motivet og dessutan prøve å utelate ting som stel oppmerksomheita frå hovedmotivet.

Interesserte studerer bilda og snakkar med klubbmedlemmane på utstillinga.

Skodjedagane er gjennomført, og vi opplevde stor tilstrøyming av folk og stor interesse for klubben og fotografering. Før messa stengde søndag ettermiddag, hadde medlemstalet passert 60.

Målet med messa var å vise fram klubben, kva aktivitetar vi driv med og korleis vi utviklar hobbyen vår. På utstillinga var det mange bilde på veggen, ei lysbildeframsyning på ein TV-skjem og brosjyre om klubben. Publikum kunne også kjøpe bilde og boka om digital fotografi av Magnar Fjørtoft. Interesserte kunne også få med vervebrev for å støtte klubben med Grasrotandelen knytt til Norsk tipping sine spel.

Mange stoppa og såg lenge på bilda og stilte spørsmål om klubben og om fotografering. Det er tydeleg stor interesse for dette i lokalsamfunnet.

Formann John Colbensen snakkar med ein av dei frammøtte

Høgaktuelle tema for mange frammøtte medlemmer på medlemsmøtet denne kvelden. Ei gruppe på knapt 20 personar fekk gjennomgang av korleis lukkartid, blendaropning og ISO kan kombinerast for å skape meir kreative bilde, bilde som går litt utanpå dei automatikken i kameraet kan skape.

Ei litt mindre gruppe drøfta bildekomposisjon, og såg på ulike eksempel på korleis komposisjonen påverkar bilda.

Etter iveren å døme var det knapt slik at temaet vart uttømt. Mange kunne sikkert holdt på mykje lenger og diskutert.

Fleire av dei frammøtte var heilt ferske, hadde hatt kamera berre ei kort stund, og nokre var også nyleg meldt inn i klubben.

Klikk her for å laste ned presentasjon om Lukkar, blendar og ISO. (ver litt tolmodig, fordi det kan ta tid å laste ned fila. Trykk ev F5 på tastaturet for å oppdatere, dersom nedlastinga let vente på seg.

Eksempel på klesplagg med logo

John melder fredag ettermiddag om kasser med kle til medlemmane som har bestillt T-skjorte eller anna med logo.

Kleda er klare til levering, og kan etter avtale hentast hos John Colbensen i Grindvika. Kleda vil vere med å auke merksemda om klubben, og vise andre at vi er aktive klubbmedlemmer. Utad vil vi framstå som ein samla klubb når vi opptrer med logo på brystet.

 

Epson gir tilbud til medlemmer i fotklubbar og direktemedlemmer i NSFF.

Sjekk dette: Tilbud frå Epson

Deltakarar på fototuren studerer motiv og bilde. Foto: Marianne Salomonsen

Søndag 22. august var det duka for fotoutflukt til Makkevika og Kvalneset på Giske. Også denne gongen var vergudane litt i mot turen vår, for regnbygene kom ganske tett, men nokre heldt likevel ut.

Rundt 15 medlemmer i klubben møtte fram på parkeringsplassen ved fuglefredingsområdet. Skydekket var lavt, vinden stod inn frå havet, og regnbygene i kø. Ein bra flokk trossa veret, og brukte mest tid på sandstranda på nordsida av Kvalneset. Nokre har allereide presentert blinkskot frå turen. Kanskje skjuler det seg fleire blinkskot blant dei ivrige fotografane.