Foto: Arnold Hoddevik

Mange tykte dette var eit vanskeleg tema - Fritt motiv - kva er no det? Færre deltok, men dei innsende bidraga var dei beste til no, så konkurransen hardnar til. Kanskje var det også litt vanskelig å bedømme? Det var artig at 3 nye namn dukka opp på samanlagtlista.

Resultatlista starta denne gongen slik:
1. Arnold Hoddevik
2. Trond Edvard Ekroll
3. Edmund Melkild

Resten av resultatlista finn du i forumet, og bilda i bildegalleriet, så logg deg på.

Morgenmagi. Foto: Monika Elise Vatnehol

Tema for 1. runde i den interne klubbkonkurransen Årets fotograf var 'Høst'. Mange hadde vore ute og fanga dei flotte, intense haustfargane. Bildet Morgenmagi stakk av med sigeren i 1. runde. Dei tre første plassane:
1. Monica Elise Vatnehol
2. Mary Ødegård
3. Martin Madsen

Resten av plasseringane og bilda finn du ved å logge deg på brukarforumet. Bilda ser du i bildegalleriet.

Foto: Marianne With Nor

Tema for 2. runde var 'portrett'. Kvaliteten på innsende bidrag stig, så det er tydeleg at konkurranseinstinktet tek til å dukke opp. Vinnarbildet i dene runden haadde eit litt uvanleg og dristig komposisjon, som gjorde at bildet skilte seg ut frå dei andre.

Dei tre første plassane vart:
1. Marianne With Nor
2. Trond Edvard Ekroll
3. Arnold Hoddevik

Resten av resultatlista kan du sjå ved å logge deg på brukarforumet, og bilda finn du i bildegalleriet.

Sein ettermiddagsstemning frå Alnes i sommar: Foto: John Colbensen sin Nikon D300 på stativ med lang lukkartid

John gjekk heilt til topps i den nasjonale fotokonkuransen som Hønefoss Kamera Klubb arrangerte i haust. John fekk full klaff og gullplakett i klassen Beste naturbilde med bildet "Enden", som du ser her.

Han nøyde seg ikkje med det, men fekk også bronseplakett for bildet "Brudd". Litt stas er det også at han vert kobla til Skodje fotoklubb. Kluben gratulerer så masse med resultatet. Vel fortent er det. Vi legg også merke til eit anna lokalt namn, Igor Kostin frå Ålesund Kameraklubb, som fekk sølvplakett for sitt bilde "Bakside av Istanbul" og heiderleg omtale av eit anna bilde.

Denne konkurransen var den 20. i rekkja av nasjonale konkurransar i Hønefoss Kamera Klubb. I alt sende 91 fotografar inn til saman 358 bilde.

Foto: John Colbensen

Vi gratulerer John med ein god 3. plass i 2. runde av konkurransen Årets fotograf, som Biofoto arrangerer. John fekk 34 av 48 mulige poeng for sitt bilde Oppløsningen.

Etter 2 runder ligg ohn på 4. plass samanlagt. Veldig bra.

Du finn meir opplysningar om konkurransen på Biofoto.no.

Kenneth Hjelle demonstrerer synkroniseringskabel, og fortel om blitsbruk på medlemsmøte.
Berre eit mobilbilde denne gongen, men slik går det når "journalisten" tek med seg kameraet uten minnebrikke. Tekst og foto: Arnold Hoddevik

Temaet for medlemsmøtet mandag 6.12. var blits og blitsbruk - ute og inne. Bruk av blits er både enkelt og vanskelig. Kenneth Hjelle gjekk gjennom bruk av blits i forskjellige situasjonar, blits på kameraet, blits borte frå kameraet, bruk av fleire blitsar, både kabel- og trådlaussynkronisering, bruk av fargefilter og anna kreativ bruk av blitsen, paraply og reflektorskjerm, stativ osv. Han hadde også fleire gode tips til billeg utstyr, slik som fargefilter av cellofan, enkel reflektor av papir og ein smart "snoot".

Etter innlegget fekk han mange spørsmål, og det var høve til å studere utstyret han viste fram.

Kenneth Hjelle bur i Skodje, er medlem i klubben og dyktig fotograf. Fleire uttrykkte begeistring for orienteringa. Dette var veldig nyttig informasjon, og fleire ting var enklare enn mange ante.

Kenneth har levert eit glimrande samandrag, som du finn på forumsida, under medlemsmøte i blokka Arrangement. Klikk her for å komme til inslaget. Du må logge inn, men innslaget dukkar opp etter kvart.

Snødekte tre og fin stemning i skogen ved Solnørelva. Tekst og foto: Monica Vatnehol

Søndag 05.12.2010 gjekk turen til Solnørelva/Svarthølen. Med stort og smått var vi 13 stk. som for på jakt etter vintermotiv til månadens konkurranse.

Snøbygene tok seg ei pause, og timane gjekk fort. Bålbrenninga gløymde vi heilt av... Elva var dekt av is og snø, men med nysnø på trea og nydeleg vinterlys, så burde det vere store sjansar for at nokon kanskje fekk eit blinkskot eller to... Og området, det vil nok av enkelte bli meir utforska på eit seinare tidspunkt.

Frå venstre: Arnold, Paul, Stein, Hilde og Kari i ivrik og konsentrert studie av Lightroom sine mange eigenskapar

<p
Skjermbilde henta frå Lightroom

 

I løpet av tre veker har 11 deltakarar nettopp gjennomført eit 12 timar langt kurs i bruk av Adobe Photoshop Lightroom 3. 3 interesserte, vitebegjer- lege og ivrige grupper har holdt instruktøren i øyrene, og stadig utfordra med krevjande og tildels vanskelege spørsmål.

I løpet av kurset har deltakarane fått grundig innføring i import av bilde, organisering av bilde i samlingar, bruk av nøkkelord og metadata til å finne att bilda effektivt, redigering av bilde, slik som korrigering av fargestikk eller kvitballanse, oppretting av horisont, gradert filter/fargefilter, fjerning av raude auge, kontrast, støyfjerning, konvertering til svart/kvitt, eksponering, skarping, osv. Til slutt vart lysbildeshow, utskrift og webgalleri gjennomgått.

Adobe Photoshop Lightroom er eit program utvikla for å tilfredsstille kravstore profesjonelle fotografar sine krav til effektiv organisering og enkel redigering av dei vanlegaste justeringane i bilda, og dessutan utskrifter, lysbildeframvisningar og webgalleri.Programmet er no i versjon 3, med mange svært gode forbetringar sidan versjon 2.

Alle som har delteke på kurset, kan gjennom sitt medlem i fotoklubben få kjøpe programmet svært billeggjennom fotoklubben i høve til butikkpris, berre 1100 kroner, mot vanleg pris ca 2800. Tilbakemeldingane på kurset har vore veldig positive. Det vil mest truleg bli nye mulegheiter til å gjennomføre dette kurset også neste år.

Store barn leikar best, foto Ragnhild Hoddevik

søndag 5.12. blir det utflukt med tema 'Vinter'. Møt fram ved Plassebakken klokka 12, og bli med på ein spennande tur til området ved Solnørelva med Svarthølen.

Du finn meir informasjon om turen på forumsida.Plan for utflukt

Frå akvariet i Ålesund. Klossen viser tjukna på glaset, men er der ein klosse? Foto: Magnar Fjørtoft.

Du finn foredraga som Magnar presenterte på forumsida. Logg inn og les, for å friske opp att foredraget.

Magnar Fjørtoft, forfattaren av Norges beste bok om digital fotografi samla ca 45 interesserte medlemmer til klubbmøte i kultursalen. Han heldt eit engasjert foredrag om bildet si makt til å fortelje og formidle ved hjelp av ulike perspektiv, innstillingar og effekter.

Fotografen har stor makt til å velje perspektiv og på den måten vri på inntrykket som vert formidla, velje lukkartid som endrar på inntrykket eller skaper ei spesiell stemning. Han peika m.a. på at det er viktig å tegne hovedmotivet klart og tydeleg. Ei enkel strekteikning kan lett illustrere ein figur eller ein situasjon. Eit foto, der hovedmotivet er klart teikna, har stor formidlingskraft i seg.

Er jenta i tanken eller utanfor?
Er klossen eigentleg der, og kva med Skata?
Er den i tanken?
Er den verkeleg sååå stor?

Magnar Fjørtoft er i dag lærar ved Tingvoll Vidaregåande skule, men er godt kjend vidare ut over landet for boka Digital Fotografi i Praksis. Boka gjev ei grundig innføring i ulike tema knytt til fotografering og digital foto spesielt, og har inspirert mange til meir og betre foto.

Til slutt gjekk Magnar gjennom alle bilda som var levert inn til konkurransen Årets fotograf, runde 2, og det var veldig interessant å høyre kommentarane hans til kvart enkelt bilde. Han gjorde ein grundig og allsidig gjennomgang.